Verda rundt

Kort om turneringene i Las Vegas og Kina.

Dei to siste turneringane for sesongen vart gjennomført i Yangzhou og Las Vegas. Begge turneringen enda med 17.plass og tangering av vårt beste resultat.

Det var to veker med fleire lange flyturar og ulike tidssoner å forhalde seg til. Vi byrja i Kina med 7 timar forskjell og flyreise på over 24 timar.
I Kina var vi allereie kvalifisert til hovudturneringa og møtte Russland og Japan i pulja. Vi kom på tredjeplass i pulja og spelte 1.runde mot Polen som vi tapte.

Etter Kina reiste vi direkte til neste turnering i Las Vegas. Vi fløy over Stillehavet, noko eg aldri har gjort før.

I USA var tidsforskjellen frå Kina på 15 timar og det forverra jetlaggen vår betrakteleg. Eg har aldri hatt store problem med jetlag tidlegare, men no fekk eg kjenne kor negativ påverknad det kan ha. Her snakkar vi lite søvn, hovudverk og nedsatt almenntilstand over fleire dagar. Det var lærerikt å opplev kor slitsomt det kan vere med turnering og jetlag. Likevel er det utruleg kva ein får til og kor mykje kroppen taklar.

Vi vant mot Sverige for å kvalifisere oss til i hovedturneringa der vi møtte Sveits, Kina og Brasil. Vi enda på 17.plass med tap i første runde for Brasil.

Dette var årets siste turneringar og pre-season har starta.

Vi har akkurat kommet heim frå to veker treningsleir på Tenerife med verdifull matching mot Spania sitt førstelag og resten av landslagsjentene. No skal vi vere i Noreg i ein kort periode før vi reiser tilbake til i starten av Desember. Dette blir ei fin oppladning til nyttårsturneringa i Hague.

Ingrid